Carbonara ala Sandra Beijer

To tips. Ein: Sandra Beijer, ei av verdas kulaste mennesker. Ho er svensk, bloggar og forfattar, og kjempeinspirerande på så mange måtar. Eg har fulgt bloggen hennar i mange(!) år, og eg håpar ho aldri sluttar å dele av seg sjølv. Over til tips to: Oppskrifta hennar på pasta carbonara (lenke). Eg har prøvd fleire oppskrifter, og dette er den aller beste.

Pasta carbonara var faktisk ein av dei aller første matrettene eg lagde sjølv, fra oppskrifta til kokeboka Frå bollar til burritos som vi brukte i heimkunnskapen. Fleire som hugsar den?

Salat med vannmelon og fetaost

Processed with VSCO with a6 presetEndå ein sommarsalat, coming up. Meir sommar enn vannmelon blir det nesten ikkje. Kombinasjonen av smakar i denne salaten er perfekt, og eg tør påstå at ikkje ein einaste ingrediens her bør fjernast. Men viktigst av alt er vannmelon og fetaost! Uslåeleg kombo.

Til ein porsjon treng du:

Ca 1/4 raudlauk

Ca 1/6 vannmelon

Ei handfull ruccola

3-4 ss fetaost

Ca 10 oliven

Framgangsmåte: Skjær opp vannmelon og raudlauk. Bland alt saman i ei skål. Dette må vere den raskaste oppskrifta så langt!

Processed with VSCO with a5 preset

Nyt med brød og gjer som meg: Anten sjå ein ny episode av Orange is the New Black, eller les eit kapittel i norsk litteraturs svar på serien. Ha-ha, morsomt dersom du er meg. Boktips der altså. Vigdis Hjorth er best.

Sashimisalat med edamame og avokado

Processed with VSCO with e1 preset

OMG, den dagen eg fann ut at eg kunne kjøpe fryste edamamebønner på Global Food, livet berre LVL UP! Og vips kom denne nydelege salaten til verda.

Når du først har kjøpt ein pose med edamame, anbefalar eg å gjere som i Japan – et dei som snacks. Dei som er fryste er allereie kokt, så ein treng ikkje anna enn å tine dei, strø over litt flaksalt, og så et ein dei rett ut av skalet. Seriøst avhengighetsskapande.

Men tilbake til salaten. Den er sunn, mettande og full av smak. Når du marinerer den rå fisken i lime, blir den på ein måte ikkje heilt rå lenger, eg forstår ikkje heilt korleis det funker, men sånn er det iallfall, og eg berre godtar at mat er magisk.

Du treng (til ein porsjon):

Tre store salatblader (eg brukte crispisalat)

1 handfull edamamebønner

Ca 100 g sashimilaks

1 avokado

1 ss sesamfrø

1 vårlauk

Til marinaden: saft av 1/2 lime, 1 ts sesamolje, 1 ts soyasasus, 1/2 ts sukker.

Framgangsmåte:

Skjær laksen i tynne skiver, og bland den med marinadeingrediensane. La stå i ca 10 minutt mens du lager resten av salaten.

Skjær opp salaten, vårlauken og avokadoen, og ta edamamebønnene ut av skallet. Bland i ei skål.

Bland inn laksen.

Strø over sesamfrø, og server med ekstra lime.

Bon apetit!

Vannmelondrink

thumb_IMG_0450_1024Summer in a jar! Maria laga denne til meg i helga, så eg tenkte eg skulle dele den vidare med dykk. Kjempegod og forfriskande vannmelondrikke med lime.

Du treng (til to glas): 

1/3 vannmelon

1 1/2 lime

Isbitar

Framgangsmåte:

Ha vannmelonen i ein blender, skvis oppi safta av ein lime, og køyr det i nokre sekund. Etterpå presser du safta gjennom ei sil, slik at du slepp å drikke steinane. Server med isbitar og ekstra lime som garnityr.

Kjempegodt!

Capresesalat

Processed with VSCO with hb1 preset

Capresesalat er sommarens rett. Spesielt dersom du gjer som meg, og jobbar heile sommaren. Dette er ein perfekt middag for ein, når ein er trøtt, sulten, men har meir lyst på skikkeleg gode smaker framfor ein frysepizza eller ein burger kjøpt på vegen heim.

For meg er capresesalat einsbetydande med Verona, og den første ferieturen eg reiste på saman med kjærasten min. Vi besøkte huset til Julie, spiste gelato kvar dag og satt på utallige gaterestaurantar og forelska oss i italiensk mat. Den beste maten var den heilt enkle, der råvarene berre snakkar for seg sjølv. Tomatene er så gode akkurat no, og får meg nesten til å lure på kvifor vi i det heile tatt et tomater i vinterhalvåret.

Du tenker kanskje: Er ikkje dette litt for enkelt? Då spør eg: Er det noko som heiter for enkelt?

Så, til oppskrifta. Du treng (per porsjon): 

Ca 70 g spekeskinke

1 buffalomozzarella

1 stor tomat

1o-15 basilikumblader

Litt (god) olivenolje

Salt

Pepper

Framgangsmåte:

Altså, det blir nesten litt teit å skrive noko her, men:

Skjær opp mozzarellaen og tomatene i skiver. Dander det slik du vil ha det på tallerkenen saman med basilikum. Dryss over olivenolje, salt og pepper. Nyt med litt godt brød til.

Sushi utan fisk

I dag vil eg berre komme med eit lite tips: Sushi kan vere godt også utan fisk! forrige veke laga eg makirullar med egg, avokado, gulrøtter, vårlauk og tofu. Superenkelt, det einaste som må steikast er egget, som eg steikte som ein heilt tynn omelett før eg skar den opp i strimlar. Veldig matpakkevenleg mat som tar kort tid å lage, spesielt om ein koker risen dagen i forvegen.

PS. Mange trur sushi berre er rå fisk, men det sushi eigentleg er definisjonen på, er ris med eddik. Så det er absolutt ikkje noko krav å bruke fisk i sushi. Dagens vesle lærdom.🙂

Kvit pizza aka den beste pizzaen eg nokon gong har laga

Beklager opphaldet! Herlighet eg gjekk plutseleg frå null til hundreogfemti når det kjem til ting å gjere ein gong i midten av april, det har rett og slett ikkje vore tid til å lage nye blogginnlegg. Litt sorry not sorry, det har vore kjempedeilig å endeleg få jobbe masse, etter ein litt treig vinter. No er det litt sånn at det kjennest absurd å skulle ha fri ei heil helg. Kva gjer folk på, liksom? Eg tullar, eg elskar at eg endeleg kan lese alle bøkene, gå alle turane og lage alle middagane som har venta på meg dei siste vekene.

Og der kjem denne pizzaen inn i biletet. Igjen sorry not sorry for mobilbilder, men det er jo sommar, og eg var sulten. Kva skal ein gjere.

Eg var aleine heime denne helga, og då nytta eg høvet til å lage min versjon av den perfekte pizzaen. Dette er den beste pizzaen eg har laga. Stryk det, den beste pizzaen eg har smakt. Og eg kunne aldri ha laga den til sambuaren min, men nokre gleder skal ein ha når ein skal jobbe i ulike byar heile sommaren.

Pizza er noko av det beste eg veit, men eg kan bli så sinnsjukt lei av tomatsaus innimellom. Det går jo veker der ein har tomatsaus i fire av sju middagar. Så denne gongen vart det ein kvit pizza. Superlettvint, berre å bytte ut tomatsausen med eit tynt lag av creme fraiche. Så hadde eg på både mozzarella og blåmuggost, basilikum (dette blir ein basilikumsommar, eg kjenner det på meg) og som om ikkje det var nok, toppa eg med oliven, cherrytomater, spekeskinke og ruccola. Eit dryss med ein god olivenolje på toppen til slutt setter prikken over i’en.

Med det gir eg dykk, verdas beste pizza:

Ingredienser:

5 dl kveitemjøl

2 dl lunka vatn

1/2 pk gjær

litt salt

3 ss matolje

100 g creme fraiche

70 g blåmuggost

1 mozzarella

ca 10 cherrytomater

ca 10 oliven

litt basilikumblader

60 g spekeskinke

30 g ruccola

Framgangsmåte:

Lag deigen: bland gjær, salt og olje inn i vatnet. Ha i mjøl, rør og elt deigen i nokre minutt, og la den heve i ca ein time.

Set omnen på 200 grader.

Kjevl ut deigen, og smør creme fraiche utover.

Ha på ost og basilikumblader.

Ha på cherrytomater og oliven.

Steik pizzaen i botnen av ovnen i 10-12 minutt.

Ha på skinke og ruccola etter steiken.

Dryss over litt god olivenolje før servering.

Nyt!